Sunnhordland ØNH-senter er ein spesialist praksis i øyre-nase-halssjukdomer med offentleg driftsavtale med Helse Vest.
Ansvarleg lege er Atle Kristian Søreide. Han er spesialist i øyre-nase-halssjukdomar og godkjent spesialist i kompetanseområdet allergologi.
Pasienten betaler eigenandel etter takster frå RTV. Eigenandel (kr. 386-) kan betalast kontant eller med kortautomat. Det er ikkje gebyr ved bruk av kort. Pasienter med frikort og barn under 16 år betaler ingen eigenandel. Vi har Convene sitt betalingssystem.
Pasientane må ha tilvisning frå fastlege for å få time.
Pasienter som er under behandling/oppfølgning kan ta kontakt direkte for ny time dersom det er same problemstilling og under 1 år sidan siste konsultasjon. Pasienter som har fått utlevert høyreapparat her ved senteret kan ta kontakt for time ved behov for justering/service av apparat.
Audiograf Elly Merethe Vik er tilsett ved senteret og arbeider med høyreapparat tilpassing og oppfølgning av dette.
De kan berre ta kontakt med oss via telefon eller heime-side og vi kan diverre ikkje ta imot pasienter som kjem direkte til kontoret utan avtale.
Lokaler i Helseparken Stord, Borggata 5-7, vestre tårn, 3. etasje.